Sider

tirsdag 27. november 2007

Bremanger kommune har investert 340 mill gjennom Terra

Bremanger kommune har investert langt meir pengar gjennom Terra, enn det som tidlegare har kome fram i media.

Ordførar Kåre Olav Svarstad sa på eit kommunestyremøte tysdag ettermiddag at kommunen har investert 340 millionar kroner. Tidlegare har det vore sagt at investeringane var på 170 millionar. 100 av desse millionane er "trygge" investeringar i sparebankane.

Wassum Investment Group seier verdien av investeringane så langt har gått ned med nær hundre millionar kroner.

Særleg investeringane i amerikanske obligasjonar har gått kraftig ned dei siste månedane.
Samarbeid

Kommunen vil no samarbeide med Vik, dei fire nordlandskommunane og Haugesund om advokathjelp og rådgjevarar. I morgon skal representantar for kommunane møtast i Oslo.

Ordføraren i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, seier dei aldri meir skal handle med Terra.

- Eg stolar ikkje lenger på nokon, seier han.

Dei har no eit fokus på dei eksterne problema, og skal ta opp interne problem i kommunen på eit seinare tidspunkt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar