søndag 1. juni 2008

Lager separat handlingsprogram for gjennomføring av NTP

For første gong skal det lagast separate handlingsprogram for gjennomføring av Nasjonal transportplan.


Iflg Statens vegvesen lages det nå et handlingsprogram for stamvegar og fylkesvise handlingsprogram for det nye regionale vegnettet. Forvaltningsreformen frå 2010 er forklaringa på det.
Statens vegvesen skal fremdeles ha ansvar for utbygging av stamvegnettet og lager handlingsprogrammet for dette.

- Dei nye regionane skal ha ansvaret for handlingsprgrammet for det som blir regionvegnettet frå 2010, både planprosessen og innhaldet i programmet. Ein del av det uførande arbeidet med handlingsprogrammet vil også her falle på Statens vegvesen sine regionkontor, seier regionvegsjef Olav Ellevset.
I dag er handbøkene og gjeldande vegnormalar grunnlaget for all vegplanlegging i vegvesen. Statens vegvesen har i dag ifølgje veglova lovpålagt ansvar for edverknad i forvaltinga av fylkesvegane. Tilleggsoppgåvene som kjem med øvrige riksvegar etter 2010 vil ikkje bli tilsvarande lovfesta, men skal avtalast direkte med dei einskilde regionane. Samleis blir det opp til kvar einskild region å avgjere om fylkesvegnettet og øvrige riksvegar budsjettmessig skal handsamast under eitt, eller om råmene skal haldast skilde.

Bortsett frå organiseringa med to ulike handlingsprogram vil det og ble ei dreiing i innhaldet, med meir vekt på utvikling av eksisterande vegnett. I samsvar med framlegget til NTP frå Statens vegvesen blir det større innsats på tyngre vedlikehald og strekningsvise tiltak og mindre vekt på dei store utbyggingstiltaka i komande 10-årsbolken i arbeidet med handlingsprogram for stamvegnettet.

Ingen kommentarer: