tirsdag 8. april 2008

Fylkestinget i Sogn og Fjordane ønsker gule midtstriper innen 2020 i NTP


I ei lang høyringsfråsegn til Nasjonal Transportplan, krev politikarane mellom anna ti milliardar til gul midtstripe på heile E-39 gjennom fylket innan 2020.

Jenny Følling frå Senterpartiet innser at det blir dyrt, men har likevel tru på at ambisjonane er realistiske.
- Det avheng av kva ein får til gjennom prosjektfinansiering. Det er klart at det er så store utfordringar at ein må prioritere, men får ein inn dette med prosjektfinansiering så kan ein ta større strekker under eitt, seier ho til NRK.

Fylkestinget handsama i dag framlegget til ny Nasjonal Transportplan. Eit samrøystes fylkesting er svært misnøgde med innhaldet. Fylkestinget meiner ramma for riksvegar må aukast vesentleg over dei 60 millionane som fylket er tilgodesett for dei neste ti åra. Dei poengterer også at det ikkje er nok å auke rammene, sidan den prosentvis største delen går til sentrale strok. - Fordelinga som må endrast. Her i fylket er vegen einaste transportmoglegheit på land. Satsing på jernbane betyr lite eller ingenting for oss, seier Knut M. Olsen, som er leiar i hovudutval for samferdsle.

Ved sidan av gul midtstripe på alle stamvegane i løpet av den komande tiårsperioden, peikar fylkestinget på konkrete strekningar som i dag vert rekna som uforsvarlege.
Dette gjeld Lavik ferjekai, Torvund - Teigen, Vadheim - Sande, vegløysinga gjennom Førde sentrum, Årdal - Skei i Jølster, den mykje omtala "Gullkista" langs Breimsvatnet, Anda ferjekai og Lotetunnelen. I tillegg kjem vegen i Lærdalsdalen og riksveg 15 over Strynefjellet.
Løfta fram Grov - Svelgen

Til neste år skal fylkestinget prioritere riksvegane. Ei vegstrekke som likevel kom med i høyringsdokumentet i denne omgang var Grov - Svelgen. Denne vonar politikarane å få realisert utan samferdslemidlar.

- Det er viktig at den vart løfta fram med alternativ finansiering - gjennom næringsmidlar. Det er ei viktig og spennande utvikling med Elkem Solar si moglege satsing i Bremanger, seier Olsen.

Det er et sterkt signal til sentrale myndigheter om hvilke tilstander veiene ute i distrikts Norge befinner seg i. Vi må sammen evne å bygge en bedre framtid for våre kommende generasjoner, enn disse veimiljøene som daglig dreper uskyldige menneskeliv.

Vi trenger nå en kraftinnsats både på veg og jernbane, slik at vi kommer ut av den bakevja som vi selv har greid å sette oss i. La oss evne å gjøre slik vår Samferdselsminister, Liv Signe Navarsete ønsker - å sette våre veier og jernbaner bedre istand med å bruke mer av våre oljereserver innenlands. Dette er noe våre politikere med stolthet ville kunne se tilbake til - vi greide å forandre retningen på samferdselsektoren i forhold til hva tidligere Stortingspolitikere har greid til nå!

Ingen kommentarer: