mandag 3. desember 2007

Bremanger kommune-transaksjoner for 1,8 milliarder i Terra

Bremanger kommune har kjøpt og seld verdipapir med Terra for 1,8 milliardar kroner.

Juridisk sjef hjå Fylkesmannen, Arvid Mellingen, seier til avisa at denne omsetnaden er påfallande stor. Mellingen har så langt ikkje fått klarlagt kor mykje kommunen samla har betalt til Terra.

- Men det er sjølvsagt interessant at Terra har hatt provisjon av kvart einaste kjøp og sal. Dei har hatt ei eigainteresse i hyppig omsetnad. Det er ikkje utan grunn at meklarhuset har hatt store inntekter, seier han.

Holdt utenfor regnskap
På trass av at det har vore store beløp i sving, vil få personar i Bremanger vedgå at dei kjenner til den risikable verdipapirhandelen. Mellom desse er leiar av kontrollutvalet, Audun Åge Røys (H).

- Heile denne forvaltninga ser ut til å vere forankra i fullmakter. Og den er halden utanfor kommunerekneskapen, seier kommunerevisor Terje Førde.

Ingen kommentarer: