tirsdag 27. november 2007

Sjåføren har ansvaret mener Trygg Trafikk


Navarseter og Søfteland, her fra åpningen av nye E39,
uten midtrekkverk som sikkherhetsbuffer mot frontkollisjoner.


Trygg Trafikk meiner bilførarane sjøve må ta ansvaret for å halde seg på vegen.

I går klagde langtransportsjåførar på Vegvesenet, som dei meiner gjer ein for dårleg jobb på vintervegane.

Fylkessekretær Erik Hartmann i Trygg Trafikk meiner folk må bli flinkare til å tilpasse farten etter forholda for å unngå alle utforkøyringane.

- Vi lever no eingong i eit land der føret kan bli vanskeleg, og vi kan ikkje vente at dette blir ordna straks, seier Hartmann. Han trur ikkje vi kjem langt med å skulde på andre.

- Sjåføren må tilpasse farten etter forholda. Blir vêret og føret for ille, får ein heller stoppe. Eg veit at dei som køyrer lastebil har eit stort tidspress, men liv og helse må komme i første rekkje, seier fylkessekretæren i Trygg Trafikk.

Selvsagt har også Statens Vegvesen et ansvar i å gjøre en skikkelig jobb i forhold til det ansvaret de har til å strø og salte etter sine retningslinjer de er satt til å forvalte. Men jeg er selvsagt enig med Trygg Trafikk, at også vi som sjåfører har et ansvar å tilpasse kjøringen etter kjøreforholdene.

Ingen kommentarer: