tirsdag 27. november 2007

Sperra vegen ved Magnhildskaret, rv 614


Sperra vegen ved Magnhildskaret

Ein semitrailer sperra riksveg 614 på Florøsida av Magnhildskartunnelen i nesten tre timar midt på dagen tysdag.

Semitraileren var på veg opp då han måtte stoppe for ein bil som kom nedover. Då han skulle vidare, kom han ikkje i gang igjen.

Redningsbil kom frå Nordfjordeid, og litt før klokka eitt var vegen open igjen.

Det var glatt på staden, opplyser politiet.

Ingen kommentarer: