søndag 9. desember 2007

Behov for sjølvstendig tilsyn for veginfrastrukturen – skal utgreiast


- Senterpartiet er ikkje viljug til å godta ei utvikling der pengar er det einaste som skal telje i alle samanhengar, uttalte Jorunn Ringstad i 2004

Lærar, tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad, Askvoll, er i statsråd i dag oppnemnd som leiar av eit offentleg utval som skal utgreie behov for å opprette eit sjølvstendig tilsyn for veginfrastrukturen. Jorunn Ringstad (født 3. september 1943 i Askvoll, Sogn og Fjordane) er en norsk politiker (Sp). Hun ble innvalgt på Stortinget fra Sogn og Fjordane i 1993. Hun var vararepresentant i perioden fra 1989–1993. Ringstad var ordfører i Askvoll fra 1987 til 1993.

Utvalet skal ta for seg tilsynsoppgåver som er knytte til tryggleik på vegnettet. Arbeidet til utvalet bør avgrensast til utbygging, drift og vedlikehald av infrastrukturen, det vil seie vegsystemet, medrekna bruer og tunnelar.

Utvalet skal såleis ikkje ta for seg tilsynsoppgåver som omfattar trafikantar og køyretøy, det vil seie tilsynsoppgåver som i dag er lagde til mellom anna trafikkstasjonane til Statens vegvesen, går det fram av mandatet for utvalet.

Utvalet skal innan utgangen av 2008 leggje fram innstillinga si, i form av ei offentleg utgreiing.

- Utgreiinga til utvalet vil vere eit viktig grunnlag for å sikre at organisering og ressursbruk skjer på ein måte som best mogeleg styrkjer tryggleiken på vegane, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Desse er oppnemnde som medlemmer av utvalet:
Lærar, tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad, leiar, Askvoll
Avdelingsdirektør Inger- Anne Ravlum, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Oslo
Seniorrådgivar May Kristin Ensrud, Justis- og politidepartementet
Underdirektør Ingun H. Weltzien, Samferdselsdepartementet, Oslo
Assisterande vegdirektør Kjell Bjørvig, Statens vegvesen, Oslo
Fylkessekretær Bård Morten Johansen, Trygg Trafikk, Trondheim
Instituttsjef Lasse Fridstrøm, Oslo
Fylkesdirektør Hanne V. Søberg, Hedmark fylkeskommune, Løten
Regiondirektør Per Steinar Jensen, NHO, Nøtterøy
Distriktssjef Tor Nordstrøm, BNL (NCC), Narvik
Seniorrådgivar Thomas Ruud Sollien, Samferdselsdepartementet, er sekretær for utvalet.

Jorunn Tingstad satt som medlem av samferdselskomitéen i 2 perioder - i 8 år.
2001 - 2005 første nestleder i Samferdselskomitéen.
1997 - 2001 medlem av Samferdselskomitéen.

Hun skulle dermed ha god erfaring i å gå den samme stien som andre før og etter henne har gjort. Stien som det ser ut til at Stortinget har store vansker med å evne å se utenfor. La oss håpe at de andre medlemmene i utvalget er med å bidrar til at vi får en uavhengig gjennomgang.
Jeg ønsker dem lykke til, og ser fram til rapporten som kommer fra utvalget, med sine anbefalinger til beste for trafikksikkerheten og regjerningens NULLVISJON. - Geir Tangstad Holdal.

LES OGSÅ: Rassikring handlar om livskvalitet! (16.11.04)
- Vi kan ikkje setje midtdelarar og firefeltsvegar i enkelte delar av landet opp mot rassikring i andre delar. Dette handlar om å gjere mest mogleg for at dei som bur og ferdast i rasutsette områder skal kunne ha ein kvardag med tryggleik og livskvalitet, seier nestleiar i samferdselskomiteen, Jorunn Ringstad frå Senterpartiet.

LES OGSÅ: Regjeringa sjonglerar med tryggleiken! (2.6.04)
- Regjeringa tek ikkje tryggleiken på alvor i trafikksektoren. Profitt og reine bedriftsøkonomiske mål rangerar høgare enn tryggleik i konkurranseutsetjinga, seier nestleiar i samferdselskomiteen Jorunn Ringstad frå Senterpartiet.

LES OGSÅ: Sp krev kraftig auke til riksvegane (6.5.04)
- Framlegget til Nasjonal Transportplan er ein katastrofe for riksvegnettet. Vi kan ikkje godta ein plan som legg opp til ein redusering av løyvingane til ein del av vegnettet som allereie er nedprioritert, seier nestleiar i samferdselskomiteen Jorunn Ringstad, Sp.

LES OGSÅ: 30 mrd. ekstra til samferdsel (7.6.04)
- Vi må få ein kraftig auke i rammene til samferdsel for heile landet, seier nestleiar i samferdselskomiteen Jorunn Ringstad frå Senterpartiet. - Noreg fortener eit samferdselsløft, og Senterpartiet vil at alle deler av landet skal ha gode og trygge vegar, ein moderne jernbane og trygge hamner og farleier. Difor legg vi no i Nasjonal Transportplan (NTP) inn eit forslag om ei auke på 30 mrd. i forhold til Regjeringa sitt framlegg.

LES OGSÅ: Firdaposten - Nok eit utval
Jorunn Ringstad frå Askvoll skal leie Navarsete sitt siste skrik innan offentlege utval.

LES OGSÅ: Samferdeselsdepartementets egne sider

Ingen kommentarer: